Dreamweaver er ikkje det enklaste programmet i verda, faktisk hadde eg lyst å slette heile greia i begynnelsen. Men etter nokre frustrasjonsanfall og masse stygge ord, har eg faktisk på sett og vis blitt bittelitt venn med det. Not bad, not bad at all.
Men ja, alt begynte vel strengt tatt med at klassen fikk oppgåve om å lage ein nettstad. Vi fikk beskjed om å framstille oss sjølve som mediaelev ved Sogndal Vgs med ei hovudside og to undersider. Hovudbudskapet er at planlegging absolutt har alt å seie for ei god heimeside, derfor måtte vi òg tegne og skrive ned korleis ein ville ha alt på sida. Lettare sagt enn gjort. Sjølv har eg endra meiningar ein trillion ganger. Men no trur eg kanskje at eg er fornøyd. Kanskje.
Sånn ser layouten ut akkurat no. Uuh, eg veit eg er flink. C:


