Entreprenørskap er godt i gang no, og vi har faktisk fått litt pengar etter kvart. Alt går med andre ord ganske mykje lettare.
Klassen har blitt delt inn i tre hovudgrupper under bedrifta Medieverket: Grafisk design, hendingar og kurs. Har eigentleg ei gruppe til, foto, men det verkar ikkje som om noken eigentleg heilt veit kva den går ut på? Uansett, undergruppene har fått kvar sin sjef, og eg er sjølv sjefen under grafisk design, det vil seie at eg er den som blir kontakta når nokon f.eks vil ha ei ny nettside eller logo.
Blei òg sett som "sjef" for å lage nettsida til Medieverket.
Det som er viktig å hugse på når ein har ungt entreprenørskap, er sjølvsagt samarbeid. Og den som èr sjef, må og oppføre seg som det og ta initiativ. Dette kan sjølvsagt vere vanskeleg fordi ein ikkje vil at dei andre på gruppa skal bli irriterte eller sinte. Men det er gøy når alt går som det skal og når vi får interessange oppgåver. :)
mandag 8. desember 2008
onsdag 12. november 2008
mandag 27. oktober 2008
Vaffellista
Sånn at det ikkje blir noko tull, her er vaffellista for kven som skal selge når:
• Heidi og Siri Ann 23.10
• Sigrid og Simon 30.10
• Andrine og Karoline 6.11
• Ola og Elin 13.11
• Andrè og Stine Mari 20.11
• Margreta og Anders 27.11
• Heidi og Siri Ann 23.10
• Sigrid og Simon 30.10
• Andrine og Karoline 6.11
• Ola og Elin 13.11
• Andrè og Stine Mari 20.11
• Margreta og Anders 27.11
Entreprenørskap
Klassen vår skal til London i mars, og for at me skal få flytta oss ein millimeter, treng me pengar. Masse pengar. Derfor hadde vi rett og slett ikkje noko anna valg enn å starte ei elevbedrift.
Entreprenørskap kan beskrivast på mange måtar, og det er mykje omfattande å sei om det. Her er nokre linkar:
http://www.uvett.uit.no/ex/grunder/maartmann-moe/hvaerentr/
http://merkur3.cappelen.no/c358191/merkurmodul/vis.html?tid=394288
http://www.sfj.no/cms/firda/cms.nsf/$all/9E20A3D02B337128C12573D80046FB80?open&qm=wcm_1,5,6,0
Sjølv meiner eg at entreprenørskap/elevbedrift lett kan beskrivas med to ord: mykje arbeid. Ein må planlegge lenge før ein faktisk får iverksette bedrifta(ene), samt opprette diverse kontoar i banken. Det tek opp ein del tid frå andre medietimar (som me helst skulle hatt), i tillegg til fritid. Sjølvsagt er det sånt som må til, og sjølv om det ofte kan vere kjedeleg. Motivasjonen held seg oppe ved å vete at alt går til "eit godt formål" på slutten, altså gratis London-tur.
Men vegen er lang. Det er mykje som må gjerast og pengar som må tenast inn for at elevane ikkje skal betale ei krone tur-retur. Derfor har klassen delt seg inn i to grupper: Hovudgruppa Mediahuset og "Vaffelbedrifta" Mediavaffel. Mediahuset tek på seg ansvaret for oppdraga klassen får, t.d å lage ein logo eller designe ei nettside. Vaffelbedrifta ligger litt under og sel vafler ganske enkelt for å få inn litt ekstra kroner.
Sjølv har eg alliert meg med Siri Ann og Anders og gått saman for å styre vaffelbedrifta. Eg er sjef, Anders er økonomiansvarleg medan Siri Ann er utstyrsansvarleg. Me har sett opp grupper for kven som skal selge når og kjøpt inn det me faktisk treng. Så langt (den eine gongen me faktisk har solgt) gjekk det fint.

I tillegg har klassen fått i oppgåve å vere teknisk ansvarlege på First Lego Leauge (http://hjernekraft.org/), og for å få noko ut av dette treng me å bli sponsa. Derfor har heile klassen ringt i evigheiter i dei siste vekene, fått ein heil del avslag og nokre ja-svar. Det har vore slitsomt, og me ligg eigentleg litt på etterskudd. Men me satsar på at det går bra!

tirsdag 20. mai 2008
PIF dag 10: finishen
Då var prosjektet ferdig! Noko som er både fint og litt rart. Fornøgd med resultatet er eg uansett. :)

Eg har gjort ganske enkel redigering på dei fleste bildene. På desse har fargane blitt litt endra, og på det øverste har eg brukt lighting effects for å framheve den fremste blomsten. Til slutt har eg lagt på ei kvit ramme og eit vannmerke (som er litt vanskeleg å sjå på det nederste her).
I dag har eg brukt heile dagen på å skrive rapport. Det tok mykje lenger tid enn det eg trudde det kom til å ta, faktisk. Men for å lage ein god rapport bør ein vel og faktisk bruke litt tid, da.
Har eigentleg ikkje så altfor mykje meir å skrive no, bortsett fra at dette prosjektet har vore utruleg lærerikt og interessant!
Og sånn heilt til slutt: søker ein på ordet "makro" i søkemotoren her, kjem det opp masse bra bilder.
To av dei redigerte bildene som ligg på flickr:

mandag 19. mai 2008
PIF dag 9: siste innspurt
I går byrja me innspurten på prosjektet som skal vere ferdig ein gong i dag eller i morgon. Derfor har eg brukt gårdagen på å redgiere bilda i PS og har lagt dei ut i ein lysbildeserie på flickr. Eg tenkte at viss eg hypotetisk sett skulle hatt bilda som ein serie i eit blad, er det lett å stjele dei på nettet. Derfor valgte eg å ha vannmerke på bilda, sånn at dei i teorien skal vere litt meir innvikla å stjele.
I bildeserien har òg eg valgt å ikkje ha tekst til kvart bilde. Eg vil heller at det skal vere heilt enkelt og greitt med tittelen "Vårteikn".

søndag 18. mai 2008
PIF dag 8
Dei to første timane på fredag hadde me om grafisk design med Kjell Magne Sviggum som driv designfirmaet Sviggum Design. Flink fyr!
Tok ikkje fleire bilder på fredag, så brukte dagen til å redigere bilda litt i photoshop. Kom ikkje fram til noko eg likte, så eg ventar med å skrive om redigeringa til eg er blitt fornøgd med det eg faktisk driv med.
Uansett; eg er ferdig med fotoserien. Likevel har eg tatt nokre fleire bilder på onsdag fordi eg fant ut at eg ikkje var heilt fornøgd med alle bilda likevel.

Teknisk info:
Blendar: 2,8
Lukkar: 1/100
Brennvidde: 6,2 mm
Blendar: 2,8
Lukkar: 1/100
Brennvidde: 6,2 mm
Dette bildet syns eg eigentleg er ganske tøft. Likar at det er liten djupneskarpleik, og med litt beskjæring treng eg ikkje gjere så mykje meir med det.
onsdag 14. mai 2008
PIF dag 7
I går hadde Thomas Morel forelesningen for oss han eigentleg skulle ha på fredag. Det var interessant! Fyren er jaggu flink med foto. Enkelt og greitt.
Så reiste eg igjen heim med 11.40-bussen. Men denne gongen fekk eg faktisk gjort det eg skulle også: eg er ganske så sikker på at eg er fornøgd med bildeserien og at eg ikkje treng å ta fleire bilder heller.
Bilder kjem i neste innlegg.

PIF dag 6 - Fredag
På fredag skulle eigentleg Thomas Morel ha foredrag for oss om foto. Men han kunne ikkje, og derfor hadde Albertine om karakterbygging med oss. Det var gøy! Eg og Stine Mari endte jo faktisk til slutt opp med ein fransknorsk fyr med det sjarmerande namnet Botolf og den nynorske åma Åmil som blei bestevenner etter at Botolf hadde funne kjærligheiten med Gullborg i Jakten på Kjærligheten.
Deretter reiste eg igjen heim med 11.40-bussen. Planen var jo å ta dei bildene eg hadde igjen som eg fortsatt ikkje hadde fått gjort. Eg fekk gjort noko, men ikkje alt. Dette var fordi eg skulle vekk i nokre dagar. Uansett fekk eg gjort litt meir på mandagen då eg kom heim. :) Prøvde å blant anna å ta bilder av sommarfuglar - noko som ikkje akkurat var det lettaste i verda. Mildt sagt. Dei likte ikkje meg, og det endte med at eg ikkje likte dei heller. Og som dei fleste veit: fotografar må ha god kontakt med modellane sine. Derfor blei bilda for så vidt gode, men ikkje gode nok.

Blendar: 3,6
Lukkar: 1/2500
Brennvidde: 6,2 mm
Blendar: 3,6
Lukkar: 1/2500
Brennvidde: 6,2 mm
Som sagt: eit heilt greitt bilde, men det kan gjerast mykje med det for å få det betre. Syns graset er litt forstyrrande, derfor er det kanskje ein idè å beskjære bildet og gjere bakrunnen mindre skarp.
onsdag 7. mai 2008
PIF dag 5
I går hadde me besøk av den fortsatt like energiske Bjørn Bergum som snakka ein heil del om foto og inspirasjon - noko som hjalp ein heil del, spesielt ettersom han òg snakka litt om makrofoto.
Etter det skreiv eg jo eit innlegg om makroteknikken, og så reiste eg heim med 14.00-bussen (overraskelsee!). I teorien hadde eg tenkt å byrje å ta bilder med ein gong, men det gjekk ikkje heilt etter planen ettersom eg først skulle ete middag. Og etterpå spelte eg Super Mario. Lenge. Likevel greidde eg å lausrive meg etter ei stund og stakk ut. Eg fekk akkurat med meg ettermiddagssola, noko som var fint på ein måte, men negativ på andre. Det positive var at eg fekk eit litt mjukt lys, men på den negative sida blei det ein heil del skyggar på feil plassar. Derfor skal eg heller prøve å få tatt nokre bilder i morgon.

Eg likte fokusen, men eg kjem til å ta nokre fleire bilder av løvetenner ettersom dette vesenet kom og ødela alt ved å legge seg ned rett framfor meg og mine kjære blomster og insekt:

tirsdag 6. mai 2008
Om makrofoto
Etter forespørsel frå Albertine, kan eg like godt (ettersom eg ikkje har ein drit å gjere for øyeblikket - eg skal snart heim) litt om sjølve makro-teknologien og akkurat kvifor eg har valgt å fordjupe meg i det.
Eigentelg er ikkje makro-teknologien vanskeleg å skjønne. Enkelt fortalt er makrofoto å ta bilder av ting heilt nært, og ofte så nært som mogeleg. Sjølvsagt kan ein ikkje berre gå 2 cm nærme ein blomst og trykke ned eksponeringsknappen uten å gjere noko meir og voilà, der har ein eit supert makrobilde. For det ville ikkje ha sett ut. Ganske enkelt fordi at kameraet hadde ikkje greid å fokusere så nært utan hjelp. Derfor treng ein makrofunksjon på kameraet (som alle digital- og speilrefleks kameraer har), og den er vist med ein liten blomst over ein av knappane på kameraet. Og så er det jo sjølvsagt forskjellige makroobjektiv/linser som bestem kor nært ein kan gå. Eg veit ikkje heilt kva som er "normalen" for eit vanleg kamera å fokusere med makrofunksjonen, men det er vel ca ein plass rundt 10-30 cm. Men dette skal eg ikkje seie for sikkert. Nokre modellar har faktisk òg ned til 2 cm.
Og så har ein jo linsene til speilreflekskameraene ein kan bruke i tillegg, som igjen kan gjere at ein kan fokusere enda nærare, gjerne opptil berre eit par mm frå objektet. Det fins sjølvsagt masse forskjellige å velge mellom, og som regel er dei svindyre alle sammen.
"Før i tida" var det ein gyllen regel at om ein skulle ta eit ordentleg makrobilde, skulle objektet ein tok bilde av sjå like stort ut i verkelegheita og på bildet etter at ein hadde framkalla det. Dvs at om ein hadde tatt bilde av ein mynt og framkalla filmen - eller i vår teknologiske tid - printa det ut, skulle ein kunne legge mynten oppå bildet, og ja, vere like stor (eller større) enn på bildet. Det er ikkje heilt sånn no lenger. No kan ein vel eigentleg velge litt sjøl kor nærme ein vil vere så lenge ein held seg visst mange cm (eg veit ikkje heilt sikkert kor lang maks-grensa er) frå objektet, og det blir fortsatt kalt makrofoto.
Det fins ein heil del mykje meir å seie om denne finurlige funksjonen, men det kan jo folk lese meir om her.
Og sånn til slutt om kvifor eg valgte makrofoto denne gongen i fordjupning. Det er eigentleg ganske enkelt: eg syns det er interessant og gøy å komme så nært innpå ting, og som regel blir ganske mange av reslutata bra. :)

mandag 5. mai 2008
PIF dag 4
I dag hadde me to timar om reportasje-sjangeren med Synnøve Astrid. Resten av dagen harvel vore so som so. Har igjen sett litt på makrofoto og bilder på nettet.
Eg hadde reist heim tidlegare om det ikkje hadde vore for at eg skulle i bursdag og ikkje kom heim før ca no. :) Derfor blir det lite blogg i dag og mykje jobb i morgon.

onsdag 30. april 2008
PIF dag 3
På fredag hadde me to timar teori om lydeffektar i film med Ragnvald. Han viste oss korleis lyden har blitt brukt i eit par kortfilmar og i filmen Behind Enemy Lines.
Deretter brukte eg litt tid på å berre sjå litt på nettet om macrofoto og sånn. Reiste heim med 14.00-bussen igjen, sia det ikkje var så mykje meir eg kunne gjere på skulen. Eg tok jo òg nokre bilder då eg kom heim, der eg for det meste berre prøvde ut litt forskjellige motiv for å sjå korleis det blei og tenkte ikkje noko særleg på oppgåva. Fant heller ut at eg kan gjere litt dobbelt opp ein dag denne veka. :)

Lukkar: 1/125
Brennvidde: 6,2 mm
Lukkar: 1/125
Brennvidde: 6,2 mm
Blendar: 2,9
Lukkar: 1/200
Brennvidde: 6,2 mm
Dette er heller ikkje spesielt bra på nokon som helst måte, men det er ganske tøft motiv av skjelettet til eit blad. Det kunne heilt sikkert ha blitt bedre om eg hadde brukt kortare lukkartid ettersom det er litt lyst, men det kan jo òg photoshop endre på.
Lukkar: 1/200
Brennvidde: 6,2 mm
mandag 28. april 2008
PIF dag 2: SNEGLAR! :D
Dagen byrja regntung og kald. Og den vil heilt sikkert ende like kald og regnfull óg. Men det er eigentleg ikkje så farleg for min del. Regn i dag er (på sett og vis, riktig nok) ganske positivt.
Først hadde me som vanleg to timar teori. I dag hadde me om radio med Inge Kjell, der me høyrde (gang på gang) på eit par reportasjar og analyserte dei.
Etter dei to timane dei dagane me har prosjekt, har me jo fritt valg til å gjere kva me vil - som oftast. Likevel fant eg ut at det kanskje var like greit at eg berre reiste heim med ein gang for å regnbilder, derfor tok eg 11.40-bussen heim.
Så ja, dagen har ganske enkelt bestått av å handle mat og ta bilder - og det av dei kulaste modellane i verden: SNEGLAR! :D:D:D Det var grunnen til at regn eigentleg er ganske bra, med tanke på at sneglane likar seg best i sånt vèr. Og sidan fotooppgåva mi heiter Vårteikn, passar jo sneglar finfint inn ettersom dei kjem fram om våren. Uansett: det er faktisk utruleg gøy å ta bilder av sneglar, for til forskjell fra f.eks ungar som er overalt på ein gong, er sneglar mykje treigare og lettare ta bilder av. Og i tillegg er dei mykje søtare. Dei er det, tenk. Så lenge dei har sneglehus i det minste. Men ja, gøy var det i det minste, sjølv om naboen såg ganske rart på meg da han køyrde forbi og sikkert trudde eg tok bilder av ein gjerdestolpe. Stakkars fyr.

Teknisk info:
Blendar: 2,8
Lukkar: 250
Brennvidde: 6,2 mm

Teknisk info:
Blendar: 2,8
Lukkar: 1/100
Brennvidde: 6,2 mm
Ps: Alle bilda som blir lasta opp her har ganske mykje meir dårligare bildekvalitet enn dei eigentleg har. Eg lastar heller ikkje opp dei bilda eg er mest fornøgd med. Ivertfall ikkje enda.

Eit ganske nærbilde av ein gul snegle. Den lille djupneskarpleiken lagar ein fin effekt, sjølv om eg er litt usikker på om det faktisk ville ha gjort seg betre med litt meir fokus på sneglehuset òg.

Teknisk info:
Blendar: 2,8
Lukkar: 1/100
Brennvidde: 6,2 mm
Dette bildet er i seg sjølv ganske alternativt, ettersom det kun er eine auga som er i fokus, samt at utsnittet viser berre halve sneglen. Det er etter min meining litt for lyst, men det kan lett bli fiksa på i photoshop.
Ps: Alle bilda som blir lasta opp her har ganske mykje meir dårligare bildekvalitet enn dei eigentleg har. Eg lastar heller ikkje opp dei bilda eg er mest fornøgd med. Ivertfall ikkje enda.
lørdag 26. april 2008
Prosjekt i fordjupning
No har me byrja med PIF, noko som sikkert ganske mange har sett fram til. Sjølv jobbar eg sjølvstendig med foto (syntes det passa bra å fortsette med det etter utplasseringsveka). Ettersom eg alt har gjort litt portrettfoto, fant eg ut at eg kanskje skulle gjere macrofoto - som eg faktisk har gjort litt fra før òg. Oppgåva mi er å "fange vårteikna" med macrofoto, og kompetansemåla mine er:
• Bruke, vurdere og dokumentere ulike effektar og teknikkar i redigeringen for å forsterke eit bodskap.
• Beskrive og tolke bildet sitt innhald og beskrive bildet sitt påvirkningskraft.
Men det er jo ikkje berre å ta nokre bilder og så vere ferdig. Planlegginga har tatt forholdsvis lang tid, og då eg trudde eg var ferdig, var eg visst ikkje det likevel. Så etter litt rettleiing frå Albertine i går, måtte eg gjere framtidsplanen og prosjektbeskrivelsen meir konkret. Og dette tok jo si tid, så etter to timar med undervisning om film, blei resten av dagen brukt til å fikse det som skulle fiksast. I tillegg har eg laga ein profil på foto.no.
Planen då eg kom heim i går, var å byrja å ta bilder med ein gang. Dette gjekk ikkje som planen, ettersom eg fekk besøk. Derfor har eg gjort det i dag i staden for. Riktig nok har eg berre prøvd litt med forskjellige motiv, ettersom det høljeregna og var iskaldt ute. Eg er faktisk fortsatt kald. Men ja, fekk i allefall prøvd ut litt forskjellig. Eitt eksempel:

Bildet er ikkje redigert (enda). Og fargane blei litt svakare når det blei opplasta her. Det er jo typisk.

Lukkar: 1/400
Brennvidde: 6,2 mm
Blendar: 2,8
Lukkar: 1/400
Brennvidde: 6,2 mm
Bildet er ikkje redigert (enda). Og fargane blei litt svakare når det blei opplasta her. Det er jo typisk.
søndag 13. april 2008
Utplassering del 5
Siste dag på utplassering, og det var ein del å gjere før dagen var over.
Bjørn hadde ein fyr fra Årdal der då me kom, så me blei satt i gang til å legge innpå bilda på macen og velge ut nokre som var litt meir brukbare enn andre. Etter ca ein time eller noke, reiste me ut igjen for å fortsette å ta bilder. Ettersom Bjørn hadde tatt mesteparten av bilda ute dagen før for å vise oss korleis lyset blir etter teknikkar ein brukar, var det vår tur i dag. Me blei plassert med sola i profil, og skulle prøve å etterlikne lyset han fekk til dagen før med telelinse og reflektor. Det var litt skyer òg, så me måtte ha lukkartiden ein plass mellom 130 og 250. Innimellom mange uklare og over- og undereksponerte bilder, fekk me faktisk til nokre brukbare me òg som faktisk kunne måle seg med Bjørn sine.
Etter ei stund flytta me oss opp i hagen og fortsatte der. Der blei det ein del mindre vellykka bilder oppi eit tre. Heldigvis tok det ikkje så atfor lang tid før Bjørn kom og fekk oss til å prøve noke anna: me blei plassert liggande på magen på bakken. Det blei ein del bra bilder, faktisk, men me måtte passe veldig på å endre lukkartiden med ein gang sola forsvant/kom tilbake. Ettersom me hadde telelinse, trengte me heldigvis ikkje tenke på blendaren for å få liten djupneskarpleik, ganske enkelt fordi bakrunnen automatisk blei uklar. Finfint.
Då me flytta oss inn igjen for å ete, viste Bjørn oss mange forskjellige bilder han har tatt, alt i fra macro, kunst og frå turar. Han begynte faktisk å snakke om verdensrommet òg etter ei stund.
Egentleg skulle me fortsette å ta bilder i studio og, men dette fekk me ikkje tid til, derfor sette me oss ned for å sjå igjennom alle bilda. Det blei plukka ut ein del bra, og luka vekk ein heil del mindre bra. Deretter viste han oss litt nye ting i photoshop, som å gjere bakrunnen uklar, fikse lyset og sånne småting som likevel kan gjere eit middelmådig bilde fint. Me blei enige om å redigere dei bilda me likte mest (han ville òg at me skulle berre leike oss vilt i photoshop), sende nokre på mail te Bjørn og velge ut det finaste som han ska gje til oss.
To redigerte bilder:

Veka har vore kjempefin og lærerik. :)
Bjørn hadde ein fyr fra Årdal der då me kom, så me blei satt i gang til å legge innpå bilda på macen og velge ut nokre som var litt meir brukbare enn andre. Etter ca ein time eller noke, reiste me ut igjen for å fortsette å ta bilder. Ettersom Bjørn hadde tatt mesteparten av bilda ute dagen før for å vise oss korleis lyset blir etter teknikkar ein brukar, var det vår tur i dag. Me blei plassert med sola i profil, og skulle prøve å etterlikne lyset han fekk til dagen før med telelinse og reflektor. Det var litt skyer òg, så me måtte ha lukkartiden ein plass mellom 130 og 250. Innimellom mange uklare og over- og undereksponerte bilder, fekk me faktisk til nokre brukbare me òg som faktisk kunne måle seg med Bjørn sine.
Etter ei stund flytta me oss opp i hagen og fortsatte der. Der blei det ein del mindre vellykka bilder oppi eit tre. Heldigvis tok det ikkje så atfor lang tid før Bjørn kom og fekk oss til å prøve noke anna: me blei plassert liggande på magen på bakken. Det blei ein del bra bilder, faktisk, men me måtte passe veldig på å endre lukkartiden med ein gang sola forsvant/kom tilbake. Ettersom me hadde telelinse, trengte me heldigvis ikkje tenke på blendaren for å få liten djupneskarpleik, ganske enkelt fordi bakrunnen automatisk blei uklar. Finfint.Då me flytta oss inn igjen for å ete, viste Bjørn oss mange forskjellige bilder han har tatt, alt i fra macro, kunst og frå turar. Han begynte faktisk å snakke om verdensrommet òg etter ei stund.
Egentleg skulle me fortsette å ta bilder i studio og, men dette fekk me ikkje tid til, derfor sette me oss ned for å sjå igjennom alle bilda. Det blei plukka ut ein del bra, og luka vekk ein heil del mindre bra. Deretter viste han oss litt nye ting i photoshop, som å gjere bakrunnen uklar, fikse lyset og sånne småting som likevel kan gjere eit middelmådig bilde fint. Me blei enige om å redigere dei bilda me likte mest (han ville òg at me skulle berre leike oss vilt i photoshop), sende nokre på mail te Bjørn og velge ut det finaste som han ska gje til oss.
To redigerte bilder:

Veka har vore kjempefin og lærerik. :)
torsdag 10. april 2008
Utplassering del 4
Dette var første dagen hos Bjørn Bergum Foto. Me begynte dagen med å snakke mykje om foto generelt. Dette var eigentleg ganske greitt, spesielt fordi Bjørn er utruleg pratsom (trur han har lært seg kunsten å snakke både på innpust og utpust) og ikkje minst morsom. Han er òg den einaste eg veit om som bannar når han blir entusiastisk. Uansett fortalte han oss blant anna at for å bli ein flink fotograf, bør ein ta mykje bilder heile tiden og ikkje minst tenke at foto er lett og ikkje så vanskeleg som mange trur.
Då han skulle til den helvetes tannlegen som han sa, fekk eg og Siri Ann utfolde oss i hans studio for å ta portrettbilder med meir profesjonelt kamera og utstyr - som faktisk fungerte sånn som me ville. Før han reiste fekk me og beskjed om at me skulle leike med lyset og berre prøveprøveprøve. Me bytta på å plassere dei blitsane og det eine kunstlyset for å sjå korleis lyset endra seg. Tiden gjekk fort, og etter eit par hundre bilder kom han tilbake og såg litt på dei bilda me hadde tatt, og hjalp oss med å prøve enda meir utfordrande lyssettingar.

Etter me hadde ete, snakka me enda litt meir om kva me skulle gjere resten av dagen og dagen etterpå. Ettersom me berre hadde 2 dagar i studio og eigentleg skulle hatt 5, er det sjølvsagt begrensa for kva me kunne gjera. Likevel fant me ut at me skulle prøve lyssetting både inne og ute. Derfor reiste me ut i den utruleg fine hagen for å prøve å ta bilder i motlys. Dette høyres jo ut som eit stort ønske om overeksponering, men med litt rettleiing blei faktisk bilda kjempebra! (Lyssettinga blei vertfall det, modellane, meg og Siri Ann, såg jo ut som dei nettopp hadde stått opp...) Han viste oss korleis me skulle bruke skjermar, og forklarte oss at han faktisk brukar blits ute nesten heile tiden for at modellane skal "få eit glimt i auga" og ikkje minst fjerna uønska skuggar i ansiktet. Og for å unngå overeksponering, forklarte han at det hjalp å ha kortare lukkartid.
Me brukte ein del tid på å ta bilder på forskjellige plassar ute, med forskjellig objektiv (telelinse fungerar bra til å ta protrettbilder ute ettersom det blir så liten djupneskarpleik) og lys. Då me hadde tatt enda litt meir bilder, kom pappaen til Bjørn, Leiv ut. Han var dritrå! 80 år med designarsolbriller (som ligna mistenktsomt mykje på Gucci) og minst like pratsom som Bergum Junior. Han byrja å prate om frå da han var ung og korleis det var å ta bilder på den tiden. Eksponeringstida var så lang at ein kunne reise seg og ta ein slurk av kaffien sin før bildet blei tatt. Og ettersom far og son Bergum er opptatt av jakt og fiske, fekk me sjølvsagt høyre litt om det også før me reiste inn igjen for å avslutte dagen. Der planla me litt korleis me skulle gjere det dagen etterpå. Me fant ut at det passa bra å byrje dagen med å legge bilda innpå macen, for så å ta enda litt meir bilder og bruke nokre timar å sjå på resultatet og redigere i photoshop.

onsdag 9. april 2008
Utplassering del 3
Me har fortsatt vore på fotostudioet på Campus i dag. Med litt hjelp frå Albertine som forklarte oss litt korleis me burde tenke når det gjaldt utsnitt, komposisjon, tankar for målgruppe og kva me vil formidle med bilda har dagen gått greitt. Det har ikkje vore like gøy og lett å jobbe som i går - kanskje fordi me har gått litt tom for idear akkurat no.
Prøvde å få litt meir inspirasjon frå reklamebilda i eit Cosmopolitan blad - likevel endte me jo sjølvsagt opp med det samme gamle auge+sukker og munn+sukker (men denne gongen også med melis. Dristige). Me måtte òg prøve å fikse på komposisjon og utsnitt ettersom dette har vore litt mangelvare i det siste. Dette gjekk forholdsvis bra. I ei stund. Presis 14.00 fant kameraet ut at det ikkje ville samarbeide med oss lenger. Og saman med nokre banneord og klaging, fant me ut at me like godt kunne avslutte og rydde opp igjen - for ja, det såg ikkje ut her.
Lysoppsettinga:
Har som oftast berre brukt eitt lys; spotlight/lyskastar som for det første er så heitt at det er eit reint helvete å ta på, men på den positive sida gjev godt lys. Lyset har for det meste blitt plassert på sida av hovudet til oss vakre modellane, sånn at det blir litt skugge på eine sida og opplyst på det andre. Me har òg veksla å la lyset lyse opp, ned og rett bort på motivet.
I dag har me ikkje brukt blits, ganske enkelt fordi det ikkje blir nokon spesiell effekt med den sånn som det blir med bevisst lysvalg på deler av ansiktet.
(Bilde kjem sikkert seinare ein gang.)

tirsdag 8. april 2008
Utplassering del 2
Fotostudiodag nr. 2 har vore ein del meir innholdsrik enn i går. I dag har me jobba hardt, lenge og effektivt. Det har heller ikkje vorte mange pausar på oss (som det som regel pleier å bli..), ganske enkelt fordi me syns det var fint å jobbe. Foto er gøy!
Macrokamera og speilrefleks er blitt brukt om kvarandre, pluss sminking (for fotoshooten, sjølsagt) uten konroll.

Hovedtema i dag har bestått av litt forskjellige ting. Ein litt merkelig protrettfotoshoot med fokus på lys der Siri Ann såg ut som ein blanding av voldteksoffer og emo. Men eit par bilder blei faktisk ikkje så aller verst. Me brute sukker på munnen med loveharts-godteriting og fokus på closeup/macro og djupneskarpleik. (Det ser bedre ut enn det høyres ut. Virkeleg.) Det samme blei gjort enda ein gang, berre med kakepynt - som for øvrig ikkje varte så lenge på munnen til Siri Ann. Det smakte visst godt. Til slutt diverse augeshoot i closeup/macro, både med og utan sukker.
Etter ein del timar med arbeid, fant me ut at me kunne reise ein time før. Hadde ikkje so altfor mykje meir å gjere i dag.
Ein fin dag har det vore uansett. :)
Macrokamera og speilrefleks er blitt brukt om kvarandre, pluss sminking (for fotoshooten, sjølsagt) uten konroll.
Etter ein del timar med arbeid, fant me ut at me kunne reise ein time før. Hadde ikkje so altfor mykje meir å gjere i dag.
Ein fin dag har det vore uansett. :)
mandag 7. april 2008
Utplassering del 1
Denne veka skal klassen på utplassering. Generelt er folka spreidt rundt i halve Norge. Men ikkje eg og Siri Ann! Me lika oss i gode (...) gamle Sogndal, me. Valget falt på fotografyrket hos Bjørn Bergum. Ettersom han er opptatt i nokre dagar, skal me i staden utfolda oss i (det halvferdige) fotostudioet på Campus.
Dagen starta med at det blei brukt evigheiter berre å få opna døra til fotorommet, og ikkje minst like lang tid til å få sett opp ein mindre god bakrunn på amatørmessig vis. Utruleg nok fekk me faktisk opp utstyret utan altfor store problem. Ja, overraska blei me begge to. Go, Ragnvald! Han ha virkeleg vist at masing faktisk fungerar.
Dei første bilda blei vel ikkje akkurat så superbra at det gjorde noko. Og da Siri Ann fekk halve ansiktet måla svart og eg med sukker i heile ansiktet, gjorde vel det egentleg ingenting så mykje bedre. Men eit par bilder blei ok i det minste.
Resten av dagen fant me ut at det var like greit å sette seg ned å google litt for å få inspirasjon til nye idèar. Hovedideen som eigentleg er protrettfoto har blitt sett litt på sida (sjølv om me lova å fullføre det òg) til fordel for macrofoto på auger og munnn. Kakepynten, sukker, paljettane og kroppsmalinga skal altså bli brukt til noko som forhåpentlegvis ser litt... fint ut. Sjølv om det høyres ut som noko som passar rett inn på sirkus. Oh joy!
Ettersom me slutta 15.00 i dag, skal me prøve å få glodd litt meir på bilder, og kanskje ta nokre siste før dagen er omme.

onsdag 30. januar 2008
Mitt Oslo
Oslo med klassen var jo litt av ein opplevelse ein ikkje gløymer med det aller første. Det gikk i alt fra handling, køyre Krøplingen rundt i halve byen, NRK, VG-huset, kino (I Am Legend), Nobels Fredpris senter og Teknisk museum. Og pga herpa vèr måtte vi til og med vere igjen ei ekstra natt. Det endte med å havne i bursdagselskap til ein ukjent 12åring. Ikkje spør.
Av fotograf Frøydis hadde vi på forhånd fått ei fotooppgåve me skulle jobbe med på heile turen: å ta bilde av ting ein sjølv forbind med hovudstaden. Ettersom over halvparten av bilda besto av mest tull, var det ikkje så altfor mange brukbare bilder. Men samma det.
I bilda tenkte eg eigentleg mest på fargar, dei fleste bilda hadde sterke fargar medan nokre var i svart-kvitt.
Bildene.

torsdag 10. januar 2008
fredag 4. januar 2008
Dei tre F´ane
Det kom ikkje som noko sjokk at det var på igjen med prøvar, prosjekt og til og med prøveeksamen rett etter juleferien. NICE.
No har vi igjen begynt med design, men denne gongen er det design med dei tre F´ane: fargar, fontar og formar. På skulen i dag hadde vi ein haug med sånne designøvelsar der vi måtte tegne diverse formar og ting som skulle vere komponert med kaos og harmoni alt ettersom korleis oppgåva var. Alt i alt var det som å vere tilbake i kunst og håndverk i 9. klasse - eller etter tegningane å dømme: BARNEHAGEN. :D Men gøy var det likevel.
Vi fikk òg i oppgåve å bruke Illustrator og bruke bokstavar (ikkje ord) for å lage to komposisjonar. Den eine skulle vere kaotisk, men likevel uttrykke glede medan den andre skulle vere harmonisk, men derimot uttrykke sorg.

Kaos og glede:
Harmoni og sorg:

Her er bokstavane plassert på ei rekke med mellomrom, samt at kvar bokstav er blitt brukt berre ein gong, sånn som ein pleier å sjå dei. Men her er fontane og fargane mykje meir deprimerande (jada).
Abonner på:
Innlegg (Atom)