Entreprenørskap er godt i gang no, og vi har faktisk fått litt pengar etter kvart. Alt går med andre ord ganske mykje lettare.
Klassen har blitt delt inn i tre hovudgrupper under bedrifta Medieverket: Grafisk design, hendingar og kurs. Har eigentleg ei gruppe til, foto, men det verkar ikkje som om noken eigentleg heilt veit kva den går ut på? Uansett, undergruppene har fått kvar sin sjef, og eg er sjølv sjefen under grafisk design, det vil seie at eg er den som blir kontakta når nokon f.eks vil ha ei ny nettside eller logo.
Blei òg sett som "sjef" for å lage nettsida til Medieverket.
Det som er viktig å hugse på når ein har ungt entreprenørskap, er sjølvsagt samarbeid. Og den som èr sjef, må og oppføre seg som det og ta initiativ. Dette kan sjølvsagt vere vanskeleg fordi ein ikkje vil at dei andre på gruppa skal bli irriterte eller sinte. Men det er gøy når alt går som det skal og når vi får interessange oppgåver. :)
mandag 8. desember 2008
Abonner på:
Innlegg (Atom)
