onsdag 30. april 2008

PIF dag 3

På fredag hadde me to timar teori om lydeffektar i film med Ragnvald. Han viste oss korleis lyden har blitt brukt i eit par kortfilmar og i filmen Behind Enemy Lines.

Deretter brukte eg litt tid på å berre sjå litt på nettet om macrofoto og sånn. Reiste heim med 14.00-bussen igjen, sia det ikkje var så mykje meir eg kunne gjere på skulen. Eg tok jo òg nokre bilder då eg kom heim, der eg for det meste berre prøvde ut litt forskjellige motiv for å sjå korleis det blei og tenkte ikkje noko særleg på oppgåva. Fant heller ut at eg kan gjere litt dobbelt opp ein dag denne veka. :)



Teknisk info:
Blendar: 2,8
Lukkar: 1/125
Brennvidde: 6,2 mm

Er ikkje heilt fornøyd med dette bildet. Blomsten er i seg sjølv fin, men dei to andre blomstrane i bakrunnen er litt forstyrrande. Sånn ellers er det ikkje spesielt oppsiktsvekkande. Men man lærer av sine feil. Og photoshop kan gjere mykje. :p



Teknisk info:
Blendar: 2,9
Lukkar: 1/200
Brennvidde: 6,2 mm

Dette er heller ikkje spesielt bra på nokon som helst måte, men det er ganske tøft motiv av skjelettet til eit blad. Det kunne heilt sikkert ha blitt bedre om eg hadde brukt kortare lukkartid ettersom det er litt lyst, men det kan jo òg photoshop endre på.

mandag 28. april 2008

PIF dag 2: SNEGLAR! :D

Dagen byrja regntung og kald. Og den vil heilt sikkert ende like kald og regnfull óg. Men det er eigentleg ikkje så farleg for min del. Regn i dag er (på sett og vis, riktig nok) ganske positivt.

Først hadde me som vanleg to timar teori. I dag hadde me om radio med Inge Kjell, der me høyrde (gang på gang) på eit par reportasjar og analyserte dei.

Etter dei to timane dei dagane me har prosjekt, har me jo fritt valg til å gjere kva me vil - som oftast. Likevel fant eg ut at det kanskje var like greit at eg berre reiste heim med ein gang for å regnbilder, derfor tok eg 11.40-bussen heim.

Så ja, dagen har ganske enkelt bestått av å handle mat og ta bilder - og det av dei kulaste modellane i verden: SNEGLAR! :D:D:D Det var grunnen til at regn eigentleg er ganske bra, med tanke på at sneglane likar seg best i sånt vèr. Og sidan fotooppgåva mi heiter Vårteikn, passar jo sneglar finfint inn ettersom dei kjem fram om våren. Uansett: det er faktisk utruleg gøy å ta bilder av sneglar, for til forskjell fra f.eks ungar som er overalt på ein gong, er sneglar mykje treigare og lettare ta bilder av. Og i tillegg er dei mykje søtare. Dei er det, tenk. Så lenge dei har sneglehus i det minste. Men ja, gøy var det i det minste, sjølv om naboen såg ganske rart på meg da han køyrde forbi og sikkert trudde eg tok bilder av ein gjerdestolpe. Stakkars fyr.


Teknisk info:
Blendar: 2,8
Lukkar: 250
Brennvidde: 6,2 mm

Eit ganske nærbilde av ein gul snegle. Den lille djupneskarpleiken lagar ein fin effekt, sjølv om eg er litt usikker på om det faktisk ville ha gjort seg betre med litt meir fokus på sneglehuset òg.


Teknisk info:
Blendar: 2,8
Lukkar: 1/100
Brennvidde: 6,2 mm

Dette bildet er i seg sjølv ganske alternativt, ettersom det kun er eine auga som er i fokus, samt at utsnittet viser berre halve sneglen. Det er etter min meining litt for lyst, men det kan lett bli fiksa på i photoshop.


Ps: Alle bilda som blir lasta opp her har ganske mykje meir dårligare bildekvalitet enn dei eigentleg har. Eg lastar heller ikkje opp dei bilda eg er mest fornøgd med. Ivertfall ikkje enda.

lørdag 26. april 2008

Prosjekt i fordjupning

No har me byrja med PIF, noko som sikkert ganske mange har sett fram til. Sjølv jobbar eg sjølvstendig med foto (syntes det passa bra å fortsette med det etter utplasseringsveka). Ettersom eg alt har gjort litt portrettfoto, fant eg ut at eg kanskje skulle gjere macrofoto - som eg faktisk har gjort litt fra før òg. Oppgåva mi er å "fange vårteikna" med macrofoto, og kompetansemåla mine er:

• Bruke, vurdere og dokumentere ulike effektar og teknikkar i redigeringen for å forsterke eit bodskap.
• Beskrive og tolke bildet sitt innhald og beskrive bildet sitt påvirkningskraft.

Men det er jo ikkje berre å ta nokre bilder og så vere ferdig. Planlegginga har tatt forholdsvis lang tid, og då eg trudde eg var ferdig, var eg visst ikkje det likevel. Så etter litt rettleiing frå Albertine i går, måtte eg gjere framtidsplanen og prosjektbeskrivelsen meir konkret. Og dette tok jo si tid, så etter to timar med undervisning om film, blei resten av dagen brukt til å fikse det som skulle fiksast. I tillegg har eg laga ein profil på foto.no.

Planen då eg kom heim i går, var å byrja å ta bilder med ein gang. Dette gjekk ikkje som planen, ettersom eg fekk besøk. Derfor har eg gjort det i dag i staden for. Riktig nok har eg berre prøvd litt med forskjellige motiv, ettersom det høljeregna og var iskaldt ute. Eg er faktisk fortsatt kald. Men ja, fekk i allefall prøvd ut litt forskjellig. Eitt eksempel:



Teknisk info:
Blendar: 2,8
Lukkar: 1/400
Brennvidde: 6,2 mm

Bildet er ikkje redigert (enda). Og fargane blei litt svakare når det blei opplasta her. Det er jo typisk.

søndag 13. april 2008

Utplassering del 5

Siste dag på utplassering, og det var ein del å gjere før dagen var over.

Bjørn hadde ein fyr fra Årdal der då me kom, så me blei satt i gang til å legge innpå bilda på macen og velge ut nokre som var litt meir brukbare enn andre. Etter ca ein time eller noke, reiste me ut igjen for å fortsette å ta bilder. Ettersom Bjørn hadde tatt mesteparten av bilda ute dagen før for å vise oss korleis lyset blir etter teknikkar ein brukar, var det vår tur i dag. Me blei plassert med sola i profil, og skulle prøve å etterlikne lyset han fekk til dagen før med telelinse og reflektor. Det var litt skyer òg, så me måtte ha lukkartiden ein plass mellom 130 og 250. Innimellom mange uklare og over- og undereksponerte bilder, fekk me faktisk til nokre brukbare me òg som faktisk kunne måle seg med Bjørn sine.

Etter ei stund flytta me oss opp i hagen og fortsatte der. Der blei det ein del mindre vellykka bilder oppi eit tre. Heldigvis tok det ikkje så atfor lang tid før Bjørn kom og fekk oss til å prøve noke anna: me blei plassert liggande på magen på bakken. Det blei ein del bra bilder, faktisk, men me måtte passe veldig på å endre lukkartiden med ein gang sola forsvant/kom tilbake. Ettersom me hadde telelinse, trengte me heldigvis ikkje tenke på blendaren for å få liten djupneskarpleik, ganske enkelt fordi bakrunnen automatisk blei uklar. Finfint.

Då me flytta oss inn igjen for å ete, viste Bjørn oss mange forskjellige bilder han har tatt, alt i fra macro, kunst og frå turar. Han begynte faktisk å snakke om verdensrommet òg etter ei stund.

Egentleg skulle me fortsette å ta bilder i studio og, men dette fekk me ikkje tid til, derfor sette me oss ned for å sjå igjennom alle bilda. Det blei plukka ut ein del bra, og luka vekk ein heil del mindre bra. Deretter viste han oss litt nye ting i photoshop, som å gjere bakrunnen uklar, fikse lyset og sånne småting som likevel kan gjere eit middelmådig bilde fint. Me blei enige om å redigere dei bilda me likte mest (han ville òg at me skulle berre leike oss vilt i photoshop), sende nokre på mail te Bjørn og velge ut det finaste som han ska gje til oss.

To redigerte bilder:



Veka har vore kjempefin og lærerik. :)

torsdag 10. april 2008

Utplassering del 4

Dette var første dagen hos Bjørn Bergum Foto. Me begynte dagen med å snakke mykje om foto generelt. Dette var eigentleg ganske greitt, spesielt fordi Bjørn er utruleg pratsom (trur han har lært seg kunsten å snakke både på innpust og utpust) og ikkje minst morsom. Han er òg den einaste eg veit om som bannar når han blir entusiastisk. Uansett fortalte han oss blant anna at for å bli ein flink fotograf, bør ein ta mykje bilder heile tiden og ikkje minst tenke at foto er lett og ikkje så vanskeleg som mange trur.

Då han skulle til den helvetes tannlegen som han sa, fekk eg og Siri Ann utfolde oss i hans studio for å ta portrettbilder med meir profesjonelt kamera og utstyr - som faktisk fungerte sånn som me ville. Før han reiste fekk me og beskjed om at me skulle leike med lyset og berre prøveprøveprøve. Me bytta på å plassere dei blitsane og det eine kunstlyset for å sjå korleis lyset endra seg. Tiden gjekk fort, og etter eit par hundre bilder kom han tilbake og såg litt på dei bilda me hadde tatt, og hjalp oss med å prøve enda meir utfordrande lyssettingar.


Etter me hadde ete, snakka me enda litt meir om kva me skulle gjere resten av dagen og dagen etterpå. Ettersom me berre hadde 2 dagar i studio og eigentleg skulle hatt 5, er det sjølvsagt begrensa for kva me kunne gjera. Likevel fant me ut at me skulle prøve lyssetting både inne og ute. Derfor reiste me ut i den utruleg fine hagen for å prøve å ta bilder i motlys. Dette høyres jo ut som eit stort ønske om overeksponering, men med litt rettleiing blei faktisk bilda kjempebra! (Lyssettinga blei vertfall det, modellane, meg og Siri Ann, såg jo ut som dei nettopp hadde stått opp...) Han viste oss korleis me skulle bruke skjermar, og forklarte oss at han faktisk brukar blits ute nesten heile tiden for at modellane skal "få eit glimt i auga" og ikkje minst fjerna uønska skuggar i ansiktet. Og for å unngå overeksponering, forklarte han at det hjalp å ha kortare lukkartid.

Me brukte ein del tid på å ta bilder på forskjellige plassar ute, med forskjellig objektiv (telelinse fungerar bra til å ta protrettbilder ute ettersom det blir så liten djupneskarpleik) og lys. Då me hadde tatt enda litt meir bilder, kom pappaen til Bjørn, Leiv ut. Han var dritrå! 80 år med designarsolbriller (som ligna mistenktsomt mykje på Gucci) og minst like pratsom som Bergum Junior. Han byrja å prate om frå da han var ung og korleis det var å ta bilder på den tiden. Eksponeringstida var så lang at ein kunne reise seg og ta ein slurk av kaffien sin før bildet blei tatt. Og ettersom far og son Bergum er opptatt av jakt og fiske, fekk me sjølvsagt høyre litt om det også før me reiste inn igjen for å avslutte dagen. Der planla me litt korleis me skulle gjere det dagen etterpå. Me fant ut at det passa bra å byrje dagen med å legge bilda innpå macen, for så å ta enda litt meir bilder og bruke nokre timar å sjå på resultatet og redigere i photoshop.

onsdag 9. april 2008

Utplassering del 3

Me har fortsatt vore på fotostudioet på Campus i dag. Med litt hjelp frå Albertine som forklarte oss litt korleis me burde tenke når det gjaldt utsnitt, komposisjon, tankar for målgruppe og kva me vil formidle med bilda har dagen gått greitt. Det har ikkje vore like gøy og lett å jobbe som i går - kanskje fordi me har gått litt tom for idear akkurat no.

Prøvde å få litt meir inspirasjon frå reklamebilda i eit Cosmopolitan blad - likevel endte me jo sjølvsagt opp med det samme gamle auge+sukker og munn+sukker (men denne gongen også med melis. Dristige). Me måtte òg prøve å fikse på komposisjon og utsnitt ettersom dette har vore litt mangelvare i det siste. Dette gjekk forholdsvis bra. I ei stund. Presis 14.00 fant kameraet ut at det ikkje ville samarbeide med oss lenger. Og saman med nokre banneord og klaging, fant me ut at me like godt kunne avslutte og rydde opp igjen - for ja, det såg ikkje ut her.

Lysoppsettinga:
Har som oftast berre brukt eitt lys; spotlight/lyskastar som for det første er så heitt at det er eit reint helvete å ta på, men på den positive sida gjev godt lys. Lyset har for det meste blitt plassert på sida av hovudet til oss vakre modellane, sånn at det blir litt skugge på eine sida og opplyst på det andre. Me har òg veksla å la lyset lyse opp, ned og rett bort på motivet.

I dag har me ikkje brukt blits, ganske enkelt fordi det ikkje blir nokon spesiell effekt med den sånn som det blir med bevisst lysvalg på deler av ansiktet.

(Bilde kjem sikkert seinare ein gang.)

tirsdag 8. april 2008

Utplassering del 2

Fotostudiodag nr. 2 har vore ein del meir innholdsrik enn i går. I dag har me jobba hardt, lenge og effektivt. Det har heller ikkje vorte mange pausar på oss (som det som regel pleier å bli..), ganske enkelt fordi me syns det var fint å jobbe. Foto er gøy!

Macrokamera og speilrefleks er blitt brukt om kvarandre, pluss sminking (for fotoshooten, sjølsagt) uten konroll.

Hovedtema i dag har bestått av litt forskjellige ting. Ein litt merkelig protrettfotoshoot med fokus på lys der Siri Ann såg ut som ein blanding av voldteksoffer og emo. Men eit par bilder blei faktisk ikkje så aller verst. Me brute sukker på munnen med loveharts-godteriting og fokus på closeup/macro og djupneskarpleik. (Det ser bedre ut enn det høyres ut. Virkeleg.) Det samme blei gjort enda ein gang, berre med kakepynt - som for øvrig ikkje varte så lenge på munnen til Siri Ann. Det smakte visst godt. Til slutt diverse augeshoot i closeup/macro, både med og utan sukker.

Etter ein del timar med arbeid, fant me ut at me kunne reise ein time før. Hadde ikkje so altfor mykje meir å gjere i dag.

Ein fin dag har det vore uansett. :)

mandag 7. april 2008

Utplassering del 1

Denne veka skal klassen på utplassering. Generelt er folka spreidt rundt i halve Norge. Men ikkje eg og Siri Ann! Me lika oss i gode (...) gamle Sogndal, me. Valget falt på fotografyrket hos Bjørn Bergum. Ettersom han er opptatt i nokre dagar, skal me i staden utfolda oss i (det halvferdige) fotostudioet på Campus.

Dagen starta med at det blei brukt evigheiter berre å få opna døra til fotorommet, og ikkje minst like lang tid til å få sett opp ein mindre god bakrunn på amatørmessig vis. Utruleg nok fekk me faktisk opp utstyret utan altfor store problem. Ja, overraska blei me begge to. Go, Ragnvald! Han ha virkeleg vist at masing faktisk fungerar.

Dei første bilda blei vel ikkje akkurat så superbra at det gjorde noko. Og da Siri Ann fekk halve ansiktet måla svart og eg med sukker i heile ansiktet, gjorde vel det egentleg ingenting så mykje bedre. Men eit par bilder blei ok i det minste.

Resten av dagen fant me ut at det var like greit å sette seg ned å google litt for å få inspirasjon til nye idèar. Hovedideen som eigentleg er protrettfoto har blitt sett litt på sida (sjølv om me lova å fullføre det òg) til fordel for macrofoto på auger og munnn. Kakepynten, sukker, paljettane og kroppsmalinga skal altså bli brukt til noko som forhåpentlegvis ser litt... fint ut. Sjølv om det høyres ut som noko som passar rett inn på sirkus. Oh joy!

Ettersom me slutta 15.00 i dag, skal me prøve å få glodd litt meir på bilder, og kanskje ta nokre siste før dagen er omme.