onsdag 30. januar 2008

Mitt Oslo

Oslo med klassen var jo litt av ein opplevelse ein ikkje gløymer med det aller første. Det gikk i alt fra handling, køyre Krøplingen rundt i halve byen, NRK, VG-huset, kino (I Am Legend), Nobels Fredpris senter og Teknisk museum. Og pga herpa vèr måtte vi til og med vere igjen ei ekstra natt. Det endte med å havne i bursdagselskap til ein ukjent 12åring. Ikkje spør.

Av fotograf Frøydis hadde vi på forhånd fått ei fotooppgåve me skulle jobbe med på heile turen: å ta bilde av ting ein sjølv forbind med hovudstaden. Ettersom over halvparten av bilda besto av mest tull, var det ikkje så altfor mange brukbare bilder. Men samma det.

I bilda tenkte eg eigentleg mest på fargar, dei fleste bilda hadde sterke fargar medan nokre var i svart-kvitt.

Bildene.

torsdag 10. januar 2008

Siluett

Igjen fikk vi oppgåve i Illustrator. Denne gongen måtte vi lage ein ting i siluett med verktøya pen tool, add anchor point tool, delete anchor point og convert anchor point.

FINE BILEN.

fredag 4. januar 2008

Dei tre F´ane

Det kom ikkje som noko sjokk at det var på igjen med prøvar, prosjekt og til og med prøveeksamen rett etter juleferien. NICE.

No har vi igjen begynt med design, men denne gongen er det design med dei tre F´ane:
fargar, fontar og formar. På skulen i dag hadde vi ein haug med sånne designøvelsar der vi måtte tegne diverse formar og ting som skulle vere komponert med kaos og harmoni alt ettersom korleis oppgåva var. Alt i alt var det som å vere tilbake i kunst og håndverk i 9. klasse - eller etter tegningane å dømme: BARNEHAGEN. :D Men gøy var det likevel.

Vi fikk òg i oppgåve å bruke Illustrator og bruke bokstavar (ikkje ord) for å lage to komposisjonar. Den eine skulle vere kaotisk, men likevel uttrykke glede medan den andre skulle vere harmonisk, men derimot uttrykke sorg.


Kaos og glede:
Her er bokstavane blitt duplisert og plassert vilt rundt uten noko som helst balanse. Likevel er det brukt "oppkvikkande" fontar og fargar som gjer at ein føler glede (så masse glede ein kan få av å sjå på nokre fargerike bokstavar).

Harmoni og sorg:


Her er bokstavane plassert på ei rekke med mellomrom, samt at kvar bokstav er blitt brukt berre ein gong, sånn som ein pleier å sjå dei. Men her er fontane og fargane mykje meir deprimerande (jada).