mandag 27. oktober 2008

Vaffellista

Sånn at det ikkje blir noko tull, her er vaffellista for kven som skal selge når:

• Heidi og Siri Ann 23.10

• Sigrid og Simon 30.10

• Andrine og Karoline 6.11

• Ola og Elin 13.11

• Andrè og Stine Mari 20.11

• Margreta og Anders 27.11

Entreprenørskap



Klassen vår skal til London i mars, og for at me skal få flytta oss ein millimeter, treng me pengar. Masse pengar. Derfor hadde vi rett og slett ikkje noko anna valg enn å starte ei elevbedrift.

Entreprenørskap kan beskrivast på mange måtar, og det er mykje omfattande å sei om det. Her er nokre linkar:
http://www.uvett.uit.no/ex/grunder/maartmann-moe/hvaerentr/
http://merkur3.cappelen.no/c358191/merkurmodul/vis.html?tid=394288
http://www.sfj.no/cms/firda/cms.nsf/$all/9E20A3D02B337128C12573D80046FB80?open&qm=wcm_1,5,6,0

Sjølv meiner eg at entreprenørskap/elevbedrift lett kan beskrivas med to ord: mykje arbeid. Ein må planlegge lenge før ein faktisk får iverksette bedrifta(ene), samt opprette diverse kontoar i banken. Det tek opp ein del tid frå andre medietimar (som me helst skulle hatt), i tillegg til fritid. Sjølvsagt er det sånt som må til, og sjølv om det ofte kan vere kjedeleg. Motivasjonen held seg oppe ved å vete at alt går til "eit godt formål" på slutten, altså gratis London-tur.

Men vegen er lang. Det er mykje som må gjerast og pengar som må tenast inn for at elevane ikkje skal betale ei krone tur-retur. Derfor har klassen delt seg inn i to grupper: Hovudgruppa Mediahuset og "Vaffelbedrifta" Mediavaffel. Mediahuset tek på seg ansvaret for oppdraga klassen får, t.d å lage ein logo eller designe ei nettside. Vaffelbedrifta ligger litt under og sel vafler ganske enkelt for å få inn litt ekstra kroner.

Sjølv har eg alliert meg med Siri Ann og Anders og gått saman for å styre vaffelbedrifta. Eg er sjef, Anders er økonomiansvarleg medan Siri Ann er utstyrsansvarleg. Me har sett opp grupper for kven som skal selge når og kjøpt inn det me faktisk treng. Så langt (den eine gongen me faktisk har solgt) gjekk det fint.


I tillegg har klassen fått i oppgåve å vere teknisk ansvarlege på First Lego Leauge (http://hjernekraft.org/), og for å få noko ut av dette treng me å bli sponsa. Derfor har heile klassen ringt i evigheiter i dei siste vekene, fått ein heil del avslag og nokre ja-svar. Det har vore slitsomt, og me ligg eigentleg litt på etterskudd. Men me satsar på at det går bra!