Etter forespørsel frå Albertine, kan eg like godt (ettersom eg ikkje har ein drit å gjere for øyeblikket - eg skal snart heim) litt om sjølve makro-teknologien og akkurat
kvifor eg har valgt å fordjupe meg i det.
Eigentelg er ikkje makro-teknologien vanskeleg å skjønne. Enkelt fortalt er makrofoto å ta bilder av ting heilt nært, og ofte så nært som mogeleg. Sjølvsagt kan ein ikkje berre gå 2 cm nærme ein blomst og trykke ned eksponeringsknappen uten å gjere noko meir og voilà, der har ein eit supert makrobilde. For det ville ikkje ha sett ut. Ganske enkelt fordi at kameraet hadde ikkje greid å fokusere så nært utan hjelp. Derfor treng ein makrofunksjon på kameraet (som alle digital- og speilrefleks kameraer har), og den er vist med ein liten blomst over ein av knappane på kameraet. Og så er det jo sjølvsagt forskjellige makroobjektiv/linser som bestem kor nært ein kan gå. Eg veit ikkje heilt kva som er "normalen" for eit vanleg kamera å fokusere med makrofunksjonen, men det er vel ca ein plass rundt 10-30 cm. Men dette skal eg ikkje seie for sikkert. Nokre modellar har faktisk òg ned til 2 cm.
Og så har ein jo linsene til speilreflekskameraene ein kan bruke i tillegg, som igjen kan gjere at ein kan fokusere enda nærare, gjerne opptil berre eit par mm frå objektet. Det fins sjølvsagt masse forskjellige å velge mellom, og som regel er dei svindyre alle sammen.
"Før i tida" var det ein gyllen regel at om ein skulle ta eit ordentleg makrobilde, skulle objektet ein tok bilde av sjå like stort ut i verkelegheita
og på bildet etter at ein hadde framkalla det. Dvs at om ein hadde tatt bilde av ein mynt og framkalla filmen - eller i vår teknologiske tid - printa det ut, skulle ein kunne legge mynten oppå bildet, og ja, vere like stor (eller større) enn på bildet. Det er ikkje heilt sånn no lenger. No kan ein vel eigentleg velge litt sjøl kor nærme ein vil vere så lenge ein held seg visst mange cm (eg veit ikkje heilt sikkert kor lang maks-grensa er) frå objektet, og det blir fortsatt kalt makrofoto.
Det fins ein heil del mykje meir å seie om denne finurlige funksjonen, men det kan jo folk lese meir om
her.Og sånn til slutt om kvifor
eg valgte makrofoto denne gongen i fordjupning. Det er eigentleg ganske enkelt: eg syns det er interessant og gøy å komme så nært innpå ting, og som regel blir ganske mange av reslutata bra. :)