fredag 4. januar 2008

Dei tre F´ane

Det kom ikkje som noko sjokk at det var på igjen med prøvar, prosjekt og til og med prøveeksamen rett etter juleferien. NICE.

No har vi igjen begynt med design, men denne gongen er det design med dei tre F´ane:
fargar, fontar og formar. På skulen i dag hadde vi ein haug med sånne designøvelsar der vi måtte tegne diverse formar og ting som skulle vere komponert med kaos og harmoni alt ettersom korleis oppgåva var. Alt i alt var det som å vere tilbake i kunst og håndverk i 9. klasse - eller etter tegningane å dømme: BARNEHAGEN. :D Men gøy var det likevel.

Vi fikk òg i oppgåve å bruke Illustrator og bruke bokstavar (ikkje ord) for å lage to komposisjonar. Den eine skulle vere kaotisk, men likevel uttrykke glede medan den andre skulle vere harmonisk, men derimot uttrykke sorg.


Kaos og glede:
Her er bokstavane blitt duplisert og plassert vilt rundt uten noko som helst balanse. Likevel er det brukt "oppkvikkande" fontar og fargar som gjer at ein føler glede (så masse glede ein kan få av å sjå på nokre fargerike bokstavar).

Harmoni og sorg:


Her er bokstavane plassert på ei rekke med mellomrom, samt at kvar bokstav er blitt brukt berre ein gong, sånn som ein pleier å sjå dei. Men her er fontane og fargane mykje meir deprimerande (jada).

Ingen kommentarer: