Etter det skreiv eg jo eit innlegg om makroteknikken, og så reiste eg heim med 14.00-bussen (overraskelsee!). I teorien hadde eg tenkt å byrje å ta bilder med ein gong, men det gjekk ikkje heilt etter planen ettersom eg først skulle ete middag. Og etterpå spelte eg Super Mario. Lenge. Likevel greidde eg å lausrive meg etter ei stund og stakk ut. Eg fekk akkurat med meg ettermiddagssola, noko som var fint på ein måte, men negativ på andre. Det positive var at eg fekk eit litt mjukt lys, men på den negative sida blei det ein heil del skyggar på feil plassar. Derfor skal eg heller prøve å få tatt nokre bilder i morgon.
Blendar: 2,8
Lukkar: 1/2500
Brennvidde: 6,2 mm
Lukkar: 1/2500
Brennvidde: 6,2 mm
Eg likte fokusen, men eg kjem til å ta nokre fleire bilder av løvetenner ettersom dette vesenet kom og ødela alt ved å legge seg ned rett framfor meg og mine kjære blomster og insekt:






Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar