onsdag 14. mai 2008

PIF dag 6 - Fredag

På fredag skulle eigentleg Thomas Morel ha foredrag for oss om foto. Men han kunne ikkje, og derfor hadde Albertine om karakterbygging med oss. Det var gøy! Eg og Stine Mari endte jo faktisk til slutt opp med ein fransknorsk fyr med det sjarmerande namnet Botolf og den nynorske åma Åmil som blei bestevenner etter at Botolf hadde funne kjærligheiten med Gullborg i Jakten på Kjærligheten.

Deretter reiste eg igjen heim med 11.40-bussen. Planen var jo å ta dei bildene eg hadde igjen som eg fortsatt ikkje hadde fått gjort. Eg fekk gjort noko, men ikkje alt. Dette var fordi eg skulle vekk i nokre dagar. Uansett fekk eg gjort litt meir på mandagen då eg kom heim. :) Prøvde å blant anna å ta bilder av sommarfuglar - noko som ikkje akkurat var det lettaste i verda. Mildt sagt. Dei likte ikkje meg, og det endte med at eg ikkje likte dei heller. Og som dei fleste veit: fotografar må ha god kontakt med modellane sine. Derfor blei bilda for så vidt gode, men ikkje gode nok.



Teknisk info:
Blendar: 3,6
Lukkar: 1/2500
Brennvidde: 6,2 mm

Som sagt: eit heilt greitt bilde, men det kan gjerast mykje med det for å få det betre. Syns graset er litt forstyrrande, derfor er det kanskje ein idè å beskjære bildet og gjere bakrunnen mindre skarp.

Ingen kommentarer: