Bjørn hadde ein fyr fra Årdal der då me kom, så me blei satt i gang til å legge innpå bilda på macen og velge ut nokre som var litt meir brukbare enn andre. Etter ca ein time eller noke, reiste me ut igjen for å fortsette å ta bilder. Ettersom Bjørn hadde tatt mesteparten av bilda ute dagen før for å vise oss korleis lyset blir etter teknikkar ein brukar, var det vår tur i dag. Me blei plassert med sola i profil, og skulle prøve å etterlikne lyset han fekk til dagen før med telelinse og reflektor. Det var litt skyer òg, så me måtte ha lukkartiden ein plass mellom 130 og 250. Innimellom mange uklare og over- og undereksponerte bilder, fekk me faktisk til nokre brukbare me òg som faktisk kunne måle seg med Bjørn sine.
Etter ei stund flytta me oss opp i hagen og fortsatte der. Der blei det ein del mindre vellykka bilder oppi eit tre. Heldigvis tok det ikkje så atfor lang tid før Bjørn kom og fekk oss til å prøve noke anna: me blei plassert liggande på magen på bakken. Det blei ein del bra bilder, faktisk, men me måtte passe veldig på å endre lukkartiden med ein gang sola forsvant/kom tilbake. Ettersom me hadde telelinse, trengte me heldigvis ikkje tenke på blendaren for å få liten djupneskarpleik, ganske enkelt fordi bakrunnen automatisk blei uklar. Finfint.Då me flytta oss inn igjen for å ete, viste Bjørn oss mange forskjellige bilder han har tatt, alt i fra macro, kunst og frå turar. Han begynte faktisk å snakke om verdensrommet òg etter ei stund.
Egentleg skulle me fortsette å ta bilder i studio og, men dette fekk me ikkje tid til, derfor sette me oss ned for å sjå igjennom alle bilda. Det blei plukka ut ein del bra, og luka vekk ein heil del mindre bra. Deretter viste han oss litt nye ting i photoshop, som å gjere bakrunnen uklar, fikse lyset og sånne småting som likevel kan gjere eit middelmådig bilde fint. Me blei enige om å redigere dei bilda me likte mest (han ville òg at me skulle berre leike oss vilt i photoshop), sende nokre på mail te Bjørn og velge ut det finaste som han ska gje til oss.
To redigerte bilder:


Veka har vore kjempefin og lærerik. :)

1 kommentar:
Flotte greier! Du begynner å få et godt grep på å observere og gjengi faglige detaljer i de erfaringene du har gjort deg. Det er veldig bra!
Høres ut som om dere har hatt en givende uke!
Legg inn en kommentar