lørdag 26. april 2008

Prosjekt i fordjupning

No har me byrja med PIF, noko som sikkert ganske mange har sett fram til. Sjølv jobbar eg sjølvstendig med foto (syntes det passa bra å fortsette med det etter utplasseringsveka). Ettersom eg alt har gjort litt portrettfoto, fant eg ut at eg kanskje skulle gjere macrofoto - som eg faktisk har gjort litt fra før òg. Oppgåva mi er å "fange vårteikna" med macrofoto, og kompetansemåla mine er:

• Bruke, vurdere og dokumentere ulike effektar og teknikkar i redigeringen for å forsterke eit bodskap.
• Beskrive og tolke bildet sitt innhald og beskrive bildet sitt påvirkningskraft.

Men det er jo ikkje berre å ta nokre bilder og så vere ferdig. Planlegginga har tatt forholdsvis lang tid, og då eg trudde eg var ferdig, var eg visst ikkje det likevel. Så etter litt rettleiing frå Albertine i går, måtte eg gjere framtidsplanen og prosjektbeskrivelsen meir konkret. Og dette tok jo si tid, så etter to timar med undervisning om film, blei resten av dagen brukt til å fikse det som skulle fiksast. I tillegg har eg laga ein profil på foto.no.

Planen då eg kom heim i går, var å byrja å ta bilder med ein gang. Dette gjekk ikkje som planen, ettersom eg fekk besøk. Derfor har eg gjort det i dag i staden for. Riktig nok har eg berre prøvd litt med forskjellige motiv, ettersom det høljeregna og var iskaldt ute. Eg er faktisk fortsatt kald. Men ja, fekk i allefall prøvd ut litt forskjellig. Eitt eksempel:



Teknisk info:
Blendar: 2,8
Lukkar: 1/400
Brennvidde: 6,2 mm

Bildet er ikkje redigert (enda). Og fargane blei litt svakare når det blei opplasta her. Det er jo typisk.

Ingen kommentarer: