Då han skulle til den helvetes tannlegen som han sa, fekk eg og Siri Ann utfolde oss i hans studio for å ta portrettbilder med meir profesjonelt kamera og utstyr - som faktisk fungerte sånn som me ville. Før han reiste fekk me og beskjed om at me skulle leike med lyset og berre prøveprøveprøve. Me bytta på å plassere dei blitsane og det eine kunstlyset for å sjå korleis lyset endra seg. Tiden gjekk fort, og etter eit par hundre bilder kom han tilbake og såg litt på dei bilda me hadde tatt, og hjalp oss med å prøve enda meir utfordrande lyssettingar.
Etter me hadde ete, snakka me enda litt meir om kva me skulle gjere resten av dagen og dagen etterpå. Ettersom me berre hadde 2 dagar i studio og eigentleg skulle hatt 5, er det sjølvsagt begrensa for kva me kunne gjera. Likevel fant me ut at me skulle prøve lyssetting både inne og ute. Derfor reiste me ut i den utruleg fine hagen for å prøve å ta bilder i motlys. Dette høyres jo ut som eit stort ønske om overeksponering, men med litt rettleiing blei faktisk bilda kjempebra! (Lyssettinga blei vertfall det, modellane, meg og Siri Ann, såg jo ut som dei nettopp hadde stått opp...) Han viste oss korleis me skulle bruke skjermar, og forklarte oss at han faktisk brukar blits ute nesten heile tiden for at modellane skal "få eit glimt i auga" og ikkje minst fjerna uønska skuggar i ansiktet. Og for å unngå overeksponering, forklarte han at det hjalp å ha kortare lukkartid.
Me brukte ein del tid på å ta bilder på forskjellige plassar ute, med forskjellig objektiv (telelinse fungerar bra til å ta protrettbilder ute ettersom det blir så liten djupneskarpleik) og lys. Då me hadde tatt enda litt meir bilder, kom pappaen til Bjørn, Leiv ut. Han var dritrå! 80 år med designarsolbriller (som ligna mistenktsomt mykje på Gucci) og minst like pratsom som Bergum Junior. Han byrja å prate om frå da han var ung og korleis det var å ta bilder på den tiden. Eksponeringstida var så lang at ein kunne reise seg og ta ein slurk av kaffien sin før bildet blei tatt. Og ettersom far og son Bergum er opptatt av jakt og fiske, fekk me sjølvsagt høyre litt om det også før me reiste inn igjen for å avslutte dagen. Der planla me litt korleis me skulle gjere det dagen etterpå. Me fant ut at det passa bra å byrje dagen med å legge bilda innpå macen, for så å ta enda litt meir bilder og bruke nokre timar å sjå på resultatet og redigere i photoshop.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar