
Læreplanmål:
- "Bruke blender, lukker, brennvidder og ISO-verdier på kameraer."
- "Planlegge, gjennomføre og vurdere produksjoner i tekst, bilde, lyd og kombinasjoner av disse i ulike formater og til ulike medier."
Først viste Ole Kristian oss ein lysbilde-serie på naturfoto. Utruleg fine bilder frå alt fra fjellturar til fantastiske nordlys-bilder. Etterpå snakka han litt om foto og photoshop, viste oss ei veldig bra fotobok - Digital Fotografi i Praksis av Magnar Fjørtoft.
Seinare på dagen fekk vi ei veldig morsom oppgåve vi skulle gjere. Ettersom han hadde lært oss litt i photoshop om raw-format (og korleis det fungerar i forhold til jpg og når ein bør bruke forskjellige fotoformat) magic wand-tool og korleis vi skulle croppe bilda mindre, kopiere ut deler av bilda osv, så skulle vi no ta bilder av fleire personar og sette saman delar av ansiktet frå dei forskjellige til å bli eitt bilde. Dette var kjempegøy, og det endte til slutt opp med nokre særdeles fine bilder (.....).

Seinare fekk me oppgåva vår: å lage ein fotocollage om anten haust, ungdom, følelsar eller rett og slett å velge eit tema sjølv. Det skulle vere tre eller fire bilder som skulle bli sett saman i A4-format, og vi skulle bruke det vi hadde lært denne dagen. Einaste minuset var at me berre hadde to(tre?) dagar på oss til å gjere det ferdig! Men det gjekk bra likevel. Eg valgte temaet haust, og hadde alt planlagt korleis bildene mine skulle vere, og alt gjekk etter planen når det gjaldt å ta bildene neste dag (klassen fekk vere heime og gjere oppgåva), det vil seie, det gjekk etter planen heilt til det begynte å snø - og deretter regne. Derfor måtte eg gjere alt om igjen og tenke nytt. Heldigvis for meg, gjekk ikkje planen min heilt i vasken, og eg endra egentleg berre temaet frå "haust" til "våt haust" - altså regndropar sto i fokus.
Litt teknisk info:
Bilde 1 frå venstre:
Blendar: 2,8
Lukkar: 1/80
Brennvidde: 6,2 mm
ISO: 200
Bilde 2 frå venstre:
Blendar: 2,8
Lukkar: 1/60
Brennvidde: 6,2 mm
ISO: 200
Bilde 3 frå venstre:
Blendar: 2,8
Lukkar: 1/60
Brennvidde: 6,2 mm
ISO: 200
Brukte liten blendar for å få liten djupneskarpheit (fokus på vassdropane) og lukkaren var såpass liten fordi det var dårleg lys. Ville ha ISO´en på 200 for å unngå kornete bilder.
Redigering:
Prøvde meg mykje fram og tilbake med forskjellige måtar å beskjære bilda på, sette dei saman og ikkje minst redigering av fargar/kontrastar osv. Fant til slutt ut at eg heller skulle følge denne Vintage-tutorial´en. Kutta ut noko av den og tilføyde litt farge-variasjon sjølv, men hovudsakleg er det denne tutorialen som er blitt brukt i alle tre bilda.
Eg brukte mykje tid på å sette bilda i rett rekkjefølge, men fant til slutt ut at eg likte den rekkefølga som er på sluttreslutatet best (fekk litt kritikk for at den var litt for harmonisk, men eg er fortsatt fornøgd med den). Så var det eit spørsmål om bakrunnsfargen på collagen - eg ville nemleg ikkje at alle bilda skulle bli plassert attmed kvarandre, det bryt litt vel mykje harmonien syns eg. Valget sto mellom svart og kvit, men falt på svart for kvit gjorde inntrykket litt meir uskuldig. Temaet er jo haust, derfor er det bra å ha det litt mørkare. Skreiv til slutt namnet mitt nede i høgre hjørne.
Vurdering:
Sjølv vart eg fornøgd med collagen, enda det vart litt rot med véret. Var litt dumt at eg ikkje fekk eit bilde til (har jo berre tre), men fekk ikkje eit eg syns var bra nok, og då kunne det berre vere. Ville ikkje bruke eit bilde eg syns var greitt, anten måtte det vere bra, ellers brukte eg det ikkje. Så viss eg hadde fått det fjerde bildet, hadde eg satt opp bilda på ein anna måte, og derfor ville eg (sansynlegvis) ikkje fått kritikken på at det vart for harmonisk. Ellers ville eg ikkje ha endra noko på sluttreslutatet.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar