onsdag 7. januar 2009

Portefolio - Tekst

Av: Heidi Kvamme 2MK

Bildetekst: Mona Bolstad Pedersen (biletet) meiner ho og andre på Skjolden kan føle seg tryggare når tunellen åpnar i juli 2010.

Lokalbefolkninga føler seg tryggare

I årevis har lokalbefolkninga vore redd for å køyre vegen frå Skjolden til Luster. Likevel syns Mona Bolstad Pedersen at tunellen kunne ha vore lenger.

Rassikrinings-tunellen i Gullringen gjer at lokalbefolkninga på Skjolden føler seg tryggare. – Klart eg har vore redd for å køyre gjennom Gullringen, og ein har jo hjerte i halsen til borna er trygt heimkomne frå skulen, seier Mona Bolstad Pedersen, busatt på Skjolden. Ho har ein son som må ta buss fram og tilbake frå ungdomsskulen kvar dag. – Mamma hadde jo faktisk òg samme redsla for meg då ho sendte meg på skulen for 40 år sidan, fortsetter ho.

Mykje steinsprang

- Eigentleg har det ikkje vore vesentleg mykje store ras, det har vore meir steinsprang. Eg vart faktisk sjølv roka ein gong for nokre år sidan då eg skulle på jobb, då eg runda svingen sto steinspruten, seier ho vidare. Heldigvis gjekk det bra den gongen og ingen vart skadde. Det har rett som det er vore både små og store steinar liggjande i vegen. Og grunna dette har vegen i Gullringen ofte vore stengt. Det har faktisk òg hendt at folk har fått stein i frontruta når dei har køyrt forbi ulukkes-vegen.

Burde ha komme tidlegare

Pedersen syns det er voldsomt positivt at tunellen kjem. Det kjem til å bli bedre for både heile Indre Sogn og turisttrafikken om sommarane. Likevel syns ho at den burde ha komme lenge før. – Det er jo dette med byråkrati og pengemangel, då, seier ho. Samstundes syns ho at den 1,1 km lange tunellen burde ha vore lenger og omslutta enda ein rasstad 1-2 km lenger inne i Havella. – Der går det nemleg ras òg. Riktig nok går det sjeldan der, men når det først går eit ras, går det verkeleg til gangs, avsluttar ho.


Læreplanmål:
  • "Å kunne uttrykke seg skriftlig i medium og kommunikasjon innebærer å utforme tekster i ulike sjangrer til bruk i ulike medier. Det innebærer også å kunne skrive et variert og presist språk."
  • "Analysere bruk av kilder innen ulike medier og i egne produkter, og selv utøve kildekritikk."
Framgangsmåte:
Tidleg i haust fekk me i oppgåve å skrive ein nyheitsartikkel/reportasje om noko i nærmiljøet.
Denne underartikkelen tilhøyrer avissaka Siri Ann Skagen skreiv om Gullringen i haust. Ettersom me fekk jobbe saman to og to, fann eg og Siri Ann ut at me kunne slå oss saman og gjere ei sak litt større ved å lage både ei hovudsak og undersak. Derfor valgte me å skrive om den kommande tunellen i Gullringen mellom Skjolden og Luster, óg vinkle undersaka på lokalbefolkningen om kva dei syns om dette.

Først starta me med å ringje rundt til aktuelle personar. Dette viste seg å bli litt komplisert, ettersom me blei henvist til nye personar heile tiden, men det gjekk bra og me fekk møte med fleire folk me skulle intervjue dei neste dagane.

Først møtte me opp i Gullringen og intervjua nokre som arbeida med å renske rasstaden, deretter, seinare på dagen, snakka me med Mona Bolstad Pedersen om korleis det blandt anna er å vere mor som har barn som pendlar forbi rasstaden kvar dag. Nokre dagar etterpå fekk me eit (kort) intervju med Susanne Svardal, prosjektleiar for Gullring-tunellen.

Etter dette byrja me å skrive kvar vår sak og hjalp kvarandre litt på veg. Etterpå plukka eg ut det bilde eg syns passa best til saka mi, skreiv undertekst og leverte inn oppgåva.

Vudering:
Er generelt fornøgd med saka, spesielt tatt i betrakting at journalistikk ikkje er mitt favorittema. :) Syns det er bra at eg har fått med litt "dramatikk", der det faktisk er snakk om liv som kan gå tapt viss alt går veldig gale. I tillegg er det ein fin vri å få med at det faktisk var like gale for 40 år sidan, og at det likevel ikkje har blitt gjort noko før no.

Noko som kunne ha blitt retta på, er at eg hadde valgt eit anna bilde, gjerne av Mona i bil og ikkje på terassen. (Bildet ville ikkje laste opp på bloggen.) I tillegg kunne heile saka ha vorte vinkla på ein anna måte, det er jo tross alt meir interessant å lese om lokalfolk sitt synspunkt i staden for formelle tal og kommentarar. Derfor kunne undersaka like godt ha vore hovudsak - men dette er noko eg ikkje såg før i ettertid. Alt i alt er eg fornøgd med korleis hovudsaka og undersaka er.

Ingen kommentarer: