Læreplanmål:
- "Planlegge, gjennomføre og vurdere produksjoner i tekst, bilde, lyd og kombinasjoner av disse i ulike formater og til ulike medier."
- "Bruke ulike former for fortellerteknikk og dramaturgi i egne tekst-, bilde- og lydproduksjoner og kombinasjoner av disse, og begrunne valgene."
Ettersom me skal til London i mars, treng me jo pengar. Derfor valgte me å bli med i eit par konkurransar for kanskje å vinne og få noko ekstra pengar til turen. Eg, Stine Mari, Sigrid og Siri Ann blei med i ein Axe-konkurranse. Etter mykje fram og tilbake med idear, falt me på den som me berre hadde tulla med heile tiden.
Synopsis:
Bondegut kjem att frå butikken med handleposar. Stoppar for å gje kyrne sine mjøl. Blir frustrert fordi at dei ikkje vil komme, leitar derfor i handleposane etter Axe-spray. Finn den og sprayer seg sjølv. Blir glad for at kyrne kjem til han, men får til slutt panikk når bondekona på nabogarden kjem køyrande etter han med traktor.
Etter at me fann ideen, gjekk alt veldig fort og lett: me lasta ned programmet Celtx som gjer oss mulegheita til å lage manus/synopsis/karakteristikk av roller/storyboard osv på macen. Me ringte folk for å få dei til å vere bondeguten vår, og til slutt fann me heldigvis ein. Ingenting kunne gå gale når me hadde både skodespelar óg ferdig storyboard (etter litt diskusjonar fram og tilbake, vart me faktisk fort ferdig med den også...)! Det var sjølvsagt før bondeguten vår ringte og sa at han ikkje kunne vere med likevel. Det var jo for godt til å vere sant... Heldigivs fann me vår reddande engel i Gilde-dress i siste liten; no var det berre véret som ødela for oss, det hadde høljeregna i dagevis. Flaks for oss var det noko lunde opphaldsvér akkurat når me skulle filme. Alt gjekk egentleg veldig fint, tatt i betraktning at kyrne var lite samarbeidsvillige på slutten. Sjølvsagt byrja det å høljeregne også, men då var me heldigvis omtrent ferdige.
I redigeringa hadde først og fremst problem med å få lagt innpå filmen, pga at det kamera me hadde er nermast frå steinalderen. Då me fekk innpå filmen fann me òg ut at me måtte gjere om kyra-scenene. Dette var jo lettare sagt enn gjort, ettersom skodespelaren vår ikkje hadde anledning fordi han var på jobb. Derfor tok me saken i eigne hender, kledde ut Siri Ann som mann og lot ho vere bondeguten vår. Utruleg(!) nok, kunne ein ikkje sjå forskjell på kamera. Einaste problemet denne gongen, var at véret var kjempefint. Men det gjekk bra, scenene blei gjort med meir samarbeidsvillige kyr, og resten av redigeringa gjekk ganske smertefritt.
I tillegg, ettersom me ikkje har noko snakking i filmen, måtte me jo fokusere på lyden. Derfor har me skrudd opp litt på alle lydane, samt lagt inn humormusikk der kyrne springer etter bonden, for å understreke at det er poenget i filmen. Lyd og musikk er veldig viktig i film, spesielt der det ikkje er noko snakking.
Vurdering:
Filmen og ideen i seg sjølv syns eg er både bra og morsom. Einaste eg ikkje likar, er sjølve kvaliteten på filmen, noko som ikkje heilt og holdent kan skyldast på produsentane, ettersom kameraet var ganske gammalt og ikkje heilt i lodd. Derfor, og med heftige vérforandringar midt inni, vart det jo ikkje heilt hundre prosent. Men me har lært veldig mykje om korleis det er å filme ute med sol/lys/vér til hjelp og mindre til hjelp, korleis det er å filme med dyr i hovudrolla og kor viktig samarbeid og storyboard er. Og ikkje minst hadde me det kjempemorsot under heile prosessen!

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar